mandag 3. august 2009

Deadliest catch ...






















Stadig kjem det innspel frå nr 3 i familen om at vi må på fisketur. Båten er liten og havet så stort, så det vert sjeldan til at far orkar den påkjenninga det er å drage med seg alle i ei 13 fots treprame utan styrmann og los. Men her ein dag greidde ho til slutt å overtale meg til at no skulle vi fare på tur. I god Discovery Channelstil gav vi oss ut på storhavet utstyrde med fisketroder og 25 grams stingsild. Her skulle det fiskast makrell og stadbotta hyse med svart rygg. Det viste seg fort at dette kom til kunne ta litt tid. Fjorden vart tråla i fleire timar utan anna fangst enn ein rykt lyr på omtrent same størrelse som stingsilda..... Redninga vart ein tur på Leirå, ei med som til dags dato alldri har slått feil om ein ikkje vil kome heim som tulling. Fangsten derifrå vart faktisk ei hyse på 3-4 kg. Då vi kom i land att møtte vi naboen som har ei Risør-skøyte under oppussing. Han lurte på om vi ville være med på båttur til Volda der han skulle hente døtra si på kaia. Jaudå ein tur ut på land høyrdes forlokkande ut og vi heiv oss med. Eldstemann fekk være styrmann ut fjorden, ho i midten fungerte som varmepledd for nabokona og minstemann masa stort sett om is og det er no i seg sjølv ein fulltidsbeskjeftigelse.... Vi kom oss til Volda henta døtra, kjøpte is og returnerte til bygda att..............og hysa, den gløymde vi att på ein stein i fjøra før vi for til Volda. Så no ligg det vel en mink ein kvan plassen, trillande rund og mett og flirer og ler av gapne bygdetullingar som forærte han eit sukka fiskemåltid ein tidleg augustdag i 2009.

1 kommentar:

  1. Synd med hysa.Hyse er godt til fiskebollar. Du får sende eit par ungar hit til å fiske med morfaren, for her har vi verkelig fråtsa i fisk denne sommaren.Men vår båt er også liten og høver ikkje i dårleg ver.

    SvarSlett