tirsdag 28. juli 2009

Høgdetrening











I eit desperat forsøk på å nå ein formtopp når hjortejakta startar 10. september, har den halvgamle skrotten gitt meg beskjed om at her bør fysisk fostring inngå som ein naturleg del av dagleglivet framover. Når ein pustar som ein kval av å hente posten bør ein ta signala på alvor og forstå at klatring i laus-ur og forsering av terreng med over 5 graders vinkel vil by på vanskar i tida som kjem. Kva er så løysinga ? Eit eller anna i meg sa at høgdetrening måtte være svaret. Valet fall naturleg på Bjørnasethornet, toppen som ligg nærast heimen og som liknar på mest på jaktterrenget vi skal gå i. Naturleg nok, det er no der vi går på jakt kom eg på midt i treningsøkta.....
Eg tok med meg Bau den ulende fare frå hundegarden og tenkte at han kunne fungere som trenar og hare for å halde eit forsvarleg tempo med tanke på utvikling av høgare O2-opptak.

Vi gjekk som planlagt hardt ut og deretter på ein gedigen sprekk i første kneika. Hjartet hamra, svetten rann og min personlege trenar var meir oppteken av å rulle seg i røsslyng og studere lokal fauna enn motivasjonsarbeid og seriøs trenargjerning. Råsa var heller ikkje lett å finne, gjenngrodd etter år med stillstand i sauedrifta. Det var på eit tidspunkt like lett å vinne høgdemeter som å kome seg gjennom ei halvtørr hes med tørrhøy og motivasjonen datt skremande fort. Men vi tok ut gebisset og beit tennene saman og etter kvart kunne vi faktisk skimte toppen som eit fata morgana i det fjerne. Rett før toppen mista trenaren retningssansen og vart ståande fast i eit vanskeleg parti med steinrøys medan eg i min iver tok ut siste rest av krefter for å verte fyrst på toppen. Eg måtte snu og være blindehundførar for min upålitelige turkamerat, SÅ kom vi oss på toppen.
Roen og kveldsfreden senka seg over oss som varm sjokolade i ein sår hals. Vi vart sittande side ved side ei god stund på toppen og filosofere over livets vendingar og underfundigheiter. Ord var overflødige, vi såg ut over heile vårt kongerike og kjende oss rikare og lette til sinns. Mørkret kom sigande på og vi fann ut at det var på tide å tenkje på nedstiginga frå den høge nut. No var det eg som tok styringa då trenaren min framleis leid av høgdesykje og varierande stadsans. Vi kom oss ned utan vidare problem, og iveren og inspirasjonen tok oss også ein tur inn om setra for å inspisere at taket på selet framleis held norsk byggstandar. Deretter gjekk vi til bilen, kom oss heim og har sidan då ikkje vore tilsnakkande. Fulle av inntrykk, gangsperre og røsslyng i pelsen la vi oss rett ned.......Er det forresten nokon som veit korleis ein strekkjer ut raua ?

søndag 26. juli 2009

Å sånt skal være vakse folk



















Jaudå ! Kjekt å ha vener som lokkar en ut på ting ein trudde ein forlengs var ferdig med. Snakka med ein kompis her i veka å lurte på om vi skulle fare på festival i forvissing om at han sjeldan har tid, musikar som han er, og at eg då hadde nokon å skulde på for at eg kunne la være å reise. I utgangspunktet eit stunt for å vise at eg har sosiale behov og held kontakten med omgangsvener. Men neida ! Karen som på det tidspunktet oppheldt seg i Oslo på spelejobb svara ja før eg hadde kome halvvegs i spørsmålet om festival. So på fredag etter arbeid pakka vi bilen full av telt, soveposar, godteposar, luftmadrasser, kassegitarar, pylse og styr, her skulle karane på turne. Då vi kom fram viste det seg at her var det myyyykje folk. Vakter sprang rund som Border Colliar på saudesanking. Festivalcampen var fyld til bristepunktet, og her var det berre å legge alderstillegget til med full tyngde for å få framdrift i innflyttingsprosessen.

Lavvoen var av det gjenstridige slaget og det enda med konstruksjon på impuls og halvprovisoriske løysingar etter Gundermetoden . Kommentaren "D e grætt" avslutta byggeperioden og vi feira med ein kranseskål ved bautaen over falne, og så var festivalen herved opna. Programmet framover kvelden dreia seg sjølvsagt om musikalske opplevingar av det varierande slaget. Nokre av banda høyrdest ut som ei vaskemaskin full av 5 tommsspikar på max sentrifugering, og for oss som er fødde rundt Romariket si storheitstid vart Kaisers Orkester absolutt ein høydare. Et fantastisk liveband med full kontroll over folkehopen frå fyste stund. Allsong, dans og sosialt samvær. Veskeinntak var ein felles nemnar, og her var mykje sjølvmedisinering dreven fram av frykten for svineinfluensaen trur eg. Mykje folk samla på ein plass må vite. Etter eit kort nachspiel på ukjend adresse vart kvelden avslutta rundt leirbålet, eit mygglys frå Rema 1000, og alle var einige om at dette hadde vore av det gode for dei aller fleste festlydsdeltakarane. Nokre unntak vil det alltid være.
Morgonen kom og eg oppdaga at nokon hadde starta ombygging av bustaden vår i løpet av det som hadde vore igjen av natta, og mang ein stakkar hadde endrøyst i førsøk på å forsere bardunar, campingstolar og det blå biltemabordet som fram til no hadde overlevd utallige utagerande hundeutstillingar og campingturar heilt til Sverige. Det låg i ruinar rett framfor inngangspartiet til vår no noko raserte bustad. Etter eit kort avdelingsmøte, personleg hygiene, 2 koppar kaffi og samling i botnen, vart riving av leir iverksett. Uansett hadde vi det kjekt. Eg set stor pris på at vi faktisk våga å utføre tiltaket og er særs nøgd med resultatet. Dette er noko fleire med støv i soveposen og kun vage minner om korleis ein set opp det gamle husteltet frå 80-talet bør hive seg ut i. God bedring !




onsdag 22. juli 2009

Musikar .........for alltid ????





Eg har i alle år sidan eg i 1977 fekk låne gamlebassen til onkelen min vore uhelbredelig avhengig av musikk. Det starta med eit skramleorkester i eit hønsefjøs på Rotset i Volda. Hørtes antakeleg ut som 5 kg spikar i ein tørketrommel, men vi utvikla oss til å verte ganske flinke etterkvart og på midten av 80-talet var vi inne i eit av norges største bookingbyrå, hadde eige lydanlegg, lys og buss som vi forøvrig måtte leige sjåfør til, for ingen av oss hadde ein gong lappen. Visjonane og vyene var store, vi skulle sjølvsagt verte rockestjerner !!!! Medan andre gjekk i Poco Loco og Jean Paul tusla vi rundt i svart/kvitstripa bukser og gamle fiskebeinsmønstra frakkar vi fann på mørkeloftet. Eg har vel aldri vore so nær å fornekte mitt opphav som den gongen eg kom heim frå skulen å oppdaga at mor mi hadde kasta den på bålet. Svara med å ta hol i øyra sjøl, og bruke mascara eyeliner og uante mengder Studioline hårgele. Vi reiste rundt kvar helg. Skreva og spelte høgt, flørta med publikum og vart trua med grisebank av pålandkomne fiskarar i nystrokne dongeribukser og tresko i Fosnavågen og illsinte ungkarar med store støvlar som osa fjøs i Dale i Sunnfjord. "Skru ned so vi får prate !!!!","He'kje dokke trekkspel, spel Drømmen om Elin" eller "ka dokke spela so høgt før ? dokke står no heilt atte me høgtalaranje !!!!!" var kommentarar vi fekk på vår veg. Vi ga blaffen, spelte våre greie og kosa raua av oss.
Eventyret tok som alle andre eventyr slutt. Eg reiste i miltæret, Jan reiste til trøndelag og skulle bli puddelrockar, Frode vart puddingkonge på fiskemat, Fred fekk seg dame trur eg , Hogne ville eit eller anna rart og Svein Erik måtte ta seg saman på ungdomsskulen sa mora. Vi som alle andre vart vaksne etterkvart. Vi har møttes i ulike konstellasjonar undervegs etterpå, for all del. Men urmusikkopplevinga og dei store inntrykka vil alltid stå størst fram for meg gjennom desse første musikalske åra.
Gleda over å spele forsvann aldri og eg har drive vidare med musikken i større eller mindre grad i alle åra etterpå også. Reiste rundt å spelt helg etter helg på 90-talet og, er takksam for ei familie som lot meg halde på, sanninga er vel at eg lokka og lurde med ektra midlar i kvardagen....kvar vart dei av tru?? Sorry :-)
Har i dag gode/dårlege vener som lokkar med lett-tjente pengar å gratis hotellovernatting i ny og ne,ikkje meir enn eit par gonger i året då. Men sjølv om eg no er ein halvgammal halvfeit mann, tynn i håret uten mogelegheit for å leite fram att hockeysveisen, lever musikken i meg framleis.

Min forrige sjef som og er gamal musikar sa til meg ein gong på ein fest der vi havna bak nokre instrument : BakkeLars ! Du må spele meir, du verte so steikje blide å smila so lurt når du gjer det !!!
Ikkje det at eg ikkje smiler til vanleg, og eg har andre ting eg set mykje høgare her i livet. Men som eit supplement og som eit luftehol frå kjas og mas fungerer gleda over å spele fantastisk.....
Eg kjem sikkert til å legge ut både historier og fleire bilete om musikken etterkvart. Er litt skeptisk til å legge ut bilete frå mi tidlege karriere då desse kan påføre lesaren uboteleg skade. Androgyn klesstil som fekk alle med eit snev av homofobi til å gå i kne og ikkje minst med eit blikk som skremde vekk sjølv den mest velvillige svigermor. Brukar å ta fram nokre av dei for å straffe ungane når alt anna har blitt prøvd. Godt eg er pedagog, så har eg litt å spele på før eg vert så hysterisk at det kortet vert kasta på bordet....................

mandag 20. juli 2009

Balsam for sjela














Etter å ha fese av noko salig på sofaen etter eg kom heim frå arbeid, vakna eg i eit forvet kl 19.30 og fann ut at dette går ikkje. Tok etter noko tankeverksemd på meg grøneuniforma og fjellsko, tok med meg Bianca og gjekk meg ein tur i Brundalen. Været var ikkje det beste men turen vart ei flott oppleving og balsam for sjela. Eg hadde heile dalen for meg sjølv, høyrde berre lyden av dropar mot lauvskogen og suset frå elvane. Gjekk rundt Brundalsvatnet og tok nokre bilete for å ha dokumentasjonen. Er vel ikkje verdas beste fotograf, men greitt nok i skodderegnet. Det var godt å kome seg ut og opp i fjellet, og når denne idyllen ikkje ligg lenger vekk enn den gjer er det en god plass å gå til om ein er ute etter den raske fjellopplevinga.

Brunst og ul.....


I går fann vi ut at tispa er i full løpetid og gjer seg såååååå lekker for hannhunden vår. Enkel mann som hannen er bit han på og svelger både krok og agn. Luktar ille, pustar og peser, knegår alt av hokjønn i familien og uler som ein ulv i måneskin. Eig ikkje ro på raua eit sekund, han må tvingast til å legge seg med ein kraftig "HYGG DEG"-kommando. Vi har no teke dei ut i separasjon for å sleppe å vakte dei kvart sekund, ho i hundegarden og han på kjøkenet. Guten skal i skrivande stund ut på tvangstrim med mor i huset, sykkeltur til Høydalen i passande tempo. Forhåpentlegvis vil dette ha ein viss effekt på aktivitetsnivået til stakkaren, i alle fall for ei lita stund. For augneblinken er han i alle fall eit levande bevis på hannkjønnet sitt sokalla enkle tankesett og manglande evne til behovsutsetting og impulskontroll. Og tispa, ho står i hundegarden og krøllar så fint på halen. Trur eg såg eit lite smil under all pelsen og .............. Aoooooooooooooooooooooooooooo

søndag 19. juli 2009

Pannekaker

Då mor for på fjelltur fann vi som var heime ut at vi skulle ta en miniekskursjon til skogsvegen å plukke blåbær og deretter lage pannekaker. Turen var fin men kort. Minstemann fekk akutte smerter av ukjent opphav i ein fot, antagelegvis dobbelsidig slyebetennelse... Uansett, vi reiste ned att med ca ein liter blåbær og laga det eg trudde vart riiiiiikeleg med pannekaker. Men etter at eldsteguten åt 6stk, minstejenta 5 og han med slyebetennelsen åt 4 og eg 3 vart det igjen 3 til ho som kom frå fjelltur. Sånn går nu dagan......

Seterliv




Eg er no med i bloggarane si verd og kan no byrje med det eg har vore oppteken av dei siste dagane, restaurering av det gamle selet vi har i Brundalen. Etter ein storm i 2003 bles taket av det erverdige bygget og etter fantastisk hjelp frå naboar og sambygdingar fekk vi på nye taksperrer, jekka det rett og lagt på ny torv. Eg skifta bordkledning og mala opp att. Men så i fjor haust kom ein nabo og fortalde at eine sida av taket hadde blese av i !!! Så då var det på an igjen .... Er no då ikkje av dei raskaste til å sette i gong heller, det skal eg ha !! Men fekk det i alle fall tett med papp og greier slik at det ikkje sto på skade SÅ i forrige veke fekk eg ånda over meg of fann ut at no var det på tide å få på kruna på verketVar først opp med traktor å skar torv med traktorskuffa. Kanskje ikkje heilt etter oppskrifta, og det er vel fleire som roterer opp til fleire gonger i gravene sine over handverket. Men det eg ikkje får gjort med traktor vert sjeldan noko av. Fekk litt hjelp av ungstutane inn mellom all badinga deira, hugsar ikkje heilt kva eg trua dei med ! Inn i mellom bydde naboen meg på steikt krede med poteter og rømme. Nyyyyyydelig Så no er i alle fall taket tett og neste steg i prosessen vert å starte innvendig. Der er lite innventar, og utgangspunktet vert å innreie etter campingvognprinsippet, mest mogeleg komprimerte løysingar på liten plass.