tirsdag 28. juli 2009

Høgdetrening











I eit desperat forsøk på å nå ein formtopp når hjortejakta startar 10. september, har den halvgamle skrotten gitt meg beskjed om at her bør fysisk fostring inngå som ein naturleg del av dagleglivet framover. Når ein pustar som ein kval av å hente posten bør ein ta signala på alvor og forstå at klatring i laus-ur og forsering av terreng med over 5 graders vinkel vil by på vanskar i tida som kjem. Kva er så løysinga ? Eit eller anna i meg sa at høgdetrening måtte være svaret. Valet fall naturleg på Bjørnasethornet, toppen som ligg nærast heimen og som liknar på mest på jaktterrenget vi skal gå i. Naturleg nok, det er no der vi går på jakt kom eg på midt i treningsøkta.....
Eg tok med meg Bau den ulende fare frå hundegarden og tenkte at han kunne fungere som trenar og hare for å halde eit forsvarleg tempo med tanke på utvikling av høgare O2-opptak.

Vi gjekk som planlagt hardt ut og deretter på ein gedigen sprekk i første kneika. Hjartet hamra, svetten rann og min personlege trenar var meir oppteken av å rulle seg i røsslyng og studere lokal fauna enn motivasjonsarbeid og seriøs trenargjerning. Råsa var heller ikkje lett å finne, gjenngrodd etter år med stillstand i sauedrifta. Det var på eit tidspunkt like lett å vinne høgdemeter som å kome seg gjennom ei halvtørr hes med tørrhøy og motivasjonen datt skremande fort. Men vi tok ut gebisset og beit tennene saman og etter kvart kunne vi faktisk skimte toppen som eit fata morgana i det fjerne. Rett før toppen mista trenaren retningssansen og vart ståande fast i eit vanskeleg parti med steinrøys medan eg i min iver tok ut siste rest av krefter for å verte fyrst på toppen. Eg måtte snu og være blindehundførar for min upålitelige turkamerat, SÅ kom vi oss på toppen.
Roen og kveldsfreden senka seg over oss som varm sjokolade i ein sår hals. Vi vart sittande side ved side ei god stund på toppen og filosofere over livets vendingar og underfundigheiter. Ord var overflødige, vi såg ut over heile vårt kongerike og kjende oss rikare og lette til sinns. Mørkret kom sigande på og vi fann ut at det var på tide å tenkje på nedstiginga frå den høge nut. No var det eg som tok styringa då trenaren min framleis leid av høgdesykje og varierande stadsans. Vi kom oss ned utan vidare problem, og iveren og inspirasjonen tok oss også ein tur inn om setra for å inspisere at taket på selet framleis held norsk byggstandar. Deretter gjekk vi til bilen, kom oss heim og har sidan då ikkje vore tilsnakkande. Fulle av inntrykk, gangsperre og røsslyng i pelsen la vi oss rett ned.......Er det forresten nokon som veit korleis ein strekkjer ut raua ?

3 kommentarer:

  1. For å seie det rett ut:Skildringane dine overgår Arne Ola, sjølv når han er på sitt beste. Du bør begynne som freelance i lokalavisa, så kan vi få noko anna enn den utflytta hareidsdølen sine innlegg å more oss over. Må innrømme at eg kjende blodsmaken i halsen mens eg las.

    SvarSlett
  2. Ja, men du er godt i gang no! Du kan sjå hjortejakta lyst i møte. Etter å ha vore saman med folk i aldersklassa 50+ nokre dagar (Roma), trur eg du er langt over snitt når det gjeld Ola Nordmanns kondisjon.

    Vennleg helsing
    Linda Johansen
    (personal fitness-coach)

    PS: Eg forventar ein smak av viltet når det lid på.

    SvarSlett
  3. Raua strekkjer ein ut ved å krøkje føtene bak hovudet (hælane skal snitre øyrene). Tel til ti. Då skal alle problem vere løyste.

    Linda J

    SvarSlett