søndag 18. oktober 2009

Hestejazz i Verdal'n







Denne helga har gamleguten blese støvet av gitaren. På fredag drog eg saman med 3 kjekke karar på spelejobb til Verdal. Langt å reise men timane gjekk fort i godt lag og tonen i bussen var upåklageleg frå byrjinga. Rart med det, men det blir oftast sånn når ein reiser i lag berre karar. Har ein gitar, kaffi å mat frå bensinstasjon er det "grætt"
Vi fann fort felles interesser i kjøt, flesk, musikk og fisking og timane flaug av stad. Vi var inn om Trondheim der vi avleverte ein gitar, Ajax ?? og hushaldningssaft til vokalisten sin son som er der oppe for å realisere draumen om ei musikarkarriere. I tillegg fekk vi med oss ein lydmann som vi fann rekande utanfor Studentsamfunnet.
Verdal var faktisk ein flott plass med kjekke folk.Arrangøren gjorde mykje for at vi skulle trives og vi fekk mykje god mat. Spelinga gjekk også bra, i alle fall med tanke på at vi ikkje hadde øvd ilag før bortsett frå ei gjesteopptreden på ein lødefest tidlegare i år. Rart kva ein får til med litt erfaring.....
Laurdagen gjekk med til utføring av kvileøvingar og forsøk på å gå seg vekk i sentrum. Ingen av delane vart spesiellt store suksessar. Deretter var vi kjøpesenterorkester i ein knapp time og spelte for to karar som reklamerte for bilglasreparasjon og eit par forskremde gamle damer som hadde funne seg ein benk å kvile på. Men vi hadde det kjekt for oss sjøl vi, enkle sånn !!!
Ståle reklamerte stor for cden til Oklahoma Outlaws og vi fekk gitt vekk 2 eksemplar til karane med bilruten som plaster på såret for at vi hadde uroa dei.
Kvelden kom og såvar det på an igjen med 3 x 45 minutt speling for eit lydhørt publikum i varierande grad av bedøvd tilstand. Kjempeartig var det i alle fall. Blide karar å spele saman med og med ein lydteknikar med 30 studiepoeng frekvenslære vart lyden fantastisk bra. Det viste seg og at han var syskenbarnet til Baste Bolstad og det fekk han høyre myyyyykje.... for dei som ikkje veit kven han er så kan de finne det ut på eiga hand.
Kl 02.00 pakka vi saman og fann ut at bilstereoen ikkje kan stå på i 2 dagar utan at det får konsekvensar for batteriet. Der var intet liv i turneautomobilen. Hedigvis har dei store bilar og sterke slepetau i Verdal så fekk slept i gang. Etter eit kort rådsmøte kom eg med den glimrande ideen at vi no som vi ikkje kunne stoppe bilen igjen berre byrje på turen heim att å bile so langt vi orka. So vart einstemmig vedteke og vi tok laus med freidig mot og lite batteri.
Vi trua oss nedover og kjørte på skift i ei fantastisk stjerneklar haustnatt. Kl 8.45 stod vi på Molde fergekai, fryktelig svoltne. Alt var stengt og etter ein ferjetur med ei reserveferje utan kiosk åt opp all maten til Kysten Rundt på Vestnes. Resten av turen hugsar eg lite av men eg sit i alle fall her no med ei god kjensle og er retteleg nøgd med å ha vore på tur med karane. No vert det basar på Folkestad ! Tru om dei har fruktkorg eller matkasse ???

1 kommentar:

  1. Eg likte veldig godt ordet FAKTISK om folket i Vædd`anjnj! Elles verkar det som om det bedøvde publikumet var omlag slik det brukar å vere når trubadurar vitjar Ramoenbuda på Vartdal...Eg kjem i same augneblink på at Red Roosters sin vokalist prøvde å varme opp publiken med humor frå Dalsfjorden på Ishavskvelden i Brandal her forleden, men ishavsfolket var IKKJE så bedøvd som det var i lottogevinstbygda i Trøndelag. Helsing Fats Waller (ex-Hareid Bluesband)

    SvarSlett