søndag 18. oktober 2009

Hestejazz i Verdal'n







Denne helga har gamleguten blese støvet av gitaren. På fredag drog eg saman med 3 kjekke karar på spelejobb til Verdal. Langt å reise men timane gjekk fort i godt lag og tonen i bussen var upåklageleg frå byrjinga. Rart med det, men det blir oftast sånn når ein reiser i lag berre karar. Har ein gitar, kaffi å mat frå bensinstasjon er det "grætt"
Vi fann fort felles interesser i kjøt, flesk, musikk og fisking og timane flaug av stad. Vi var inn om Trondheim der vi avleverte ein gitar, Ajax ?? og hushaldningssaft til vokalisten sin son som er der oppe for å realisere draumen om ei musikarkarriere. I tillegg fekk vi med oss ein lydmann som vi fann rekande utanfor Studentsamfunnet.
Verdal var faktisk ein flott plass med kjekke folk.Arrangøren gjorde mykje for at vi skulle trives og vi fekk mykje god mat. Spelinga gjekk også bra, i alle fall med tanke på at vi ikkje hadde øvd ilag før bortsett frå ei gjesteopptreden på ein lødefest tidlegare i år. Rart kva ein får til med litt erfaring.....
Laurdagen gjekk med til utføring av kvileøvingar og forsøk på å gå seg vekk i sentrum. Ingen av delane vart spesiellt store suksessar. Deretter var vi kjøpesenterorkester i ein knapp time og spelte for to karar som reklamerte for bilglasreparasjon og eit par forskremde gamle damer som hadde funne seg ein benk å kvile på. Men vi hadde det kjekt for oss sjøl vi, enkle sånn !!!
Ståle reklamerte stor for cden til Oklahoma Outlaws og vi fekk gitt vekk 2 eksemplar til karane med bilruten som plaster på såret for at vi hadde uroa dei.
Kvelden kom og såvar det på an igjen med 3 x 45 minutt speling for eit lydhørt publikum i varierande grad av bedøvd tilstand. Kjempeartig var det i alle fall. Blide karar å spele saman med og med ein lydteknikar med 30 studiepoeng frekvenslære vart lyden fantastisk bra. Det viste seg og at han var syskenbarnet til Baste Bolstad og det fekk han høyre myyyyykje.... for dei som ikkje veit kven han er så kan de finne det ut på eiga hand.
Kl 02.00 pakka vi saman og fann ut at bilstereoen ikkje kan stå på i 2 dagar utan at det får konsekvensar for batteriet. Der var intet liv i turneautomobilen. Hedigvis har dei store bilar og sterke slepetau i Verdal så fekk slept i gang. Etter eit kort rådsmøte kom eg med den glimrande ideen at vi no som vi ikkje kunne stoppe bilen igjen berre byrje på turen heim att å bile so langt vi orka. So vart einstemmig vedteke og vi tok laus med freidig mot og lite batteri.
Vi trua oss nedover og kjørte på skift i ei fantastisk stjerneklar haustnatt. Kl 8.45 stod vi på Molde fergekai, fryktelig svoltne. Alt var stengt og etter ein ferjetur med ei reserveferje utan kiosk åt opp all maten til Kysten Rundt på Vestnes. Resten av turen hugsar eg lite av men eg sit i alle fall her no med ei god kjensle og er retteleg nøgd med å ha vore på tur med karane. No vert det basar på Folkestad ! Tru om dei har fruktkorg eller matkasse ???

lørdag 29. august 2009

Traktor....................







Ein traktor er eit motorisert køyrety som for det meste vert nytta til jordbruksaktivitet i moderne landbruk. Sjølve ordet «traktor» kjem frå latin og tyder «trekkraft». I Noreg vart motorredskapen kalla motorplog i byrjinga, og omgrepet traktor vart fyst teke i bruk på 1920-talet.

Når det er sagt er i grunnen traktor skitartige greier. All moro ein kan drage ut av denne jernklumpen er heilt fantastisk. Utstyret er vel ikkje det ein kan definere som moderne og "Up to Date", men eg bryr meg ikkje. Lissjerauden og 640'en er gode kompisar anten som bruksgjenstandar eller i terapeutisk samanhang når dagane vert tunge og grå. Og Rapiden frå 62 ristar liv i meg så tennene skranglar som kastanjettar i sommarstida når graset er høgt og arbeidsmoralen låg.


onsdag 26. august 2009

Middagskvild

Har i dag kome fram til ei erkjenning av at middagskvild i grunnen er oppskrytt: Det fører ofte berre til at kvelden blir eit laaaaaaangt gjesp og ei stor motivasjonssperre. Men kva er alternativet ? Like mykje gjesping fordi ein er trøytt eller surbyger og dårlig konsentrasjon ? Hmmmm Ikkje lett dette nei !

søndag 9. august 2009

Gofot i lødå










Fredag i sist veke tok det laust. Lødefestival i Hjartåbygda som ein kompis av meg har laga som tradisjon dei siste åra. Det starta som 40 årsfeiring i 2005, og han synest det var so kjekt at no samlar han masse musikarar, naboar og vener fyste helga i august til musikk, kjøtsuppe og sosialt samvær. Det kjekkaste var å treffe att folk ein ellers ikkje ser så ofte. Musikken var organisert med skikkelige band. Ja ja nokre ureglementerte konstellasjonar vert det no alltid. RTStewing eit band vi hadde for 15 år sidan i Ulsteinvik opna ballet med bluesrock etter gammalt minne å lite øving men vi hadde det i alle fall kjekt. Så kom Sunnmøre Baarelag, Listen The Band, Oklahoma Outlaws eit køntriband som eg vart med å spele saman med av di bassisten deira måtte halde seg heime. At det skulle være så gøy hadde eg ikkje trudd. Steikje kjekke kara og det svinga som syke. Ein kjempekveld i lag med kjekke folk. Humoren i dette miljøet er rimelig intern og slike samkome er ei artig oppleving frå start til slutt. Takk Lise og Ståle for at de tek dokke tid til dette, ein fantastisk flott tradisjon er no etablert

onsdag 5. august 2009

Sjå lyset ......



Eg har hatt den tvilsame gleda av å feire min første 44 årsdag, og den vart bønnhørlig feira med ein veldig koselig og kjekk fjelltur med familien. Jolgrasdalen i går, sjå elles Ariels blogg for sterke bilde og detaljar. Kva skulle en då finne på dagen derpå ? Valet fall på Lisjedalen rett ovanfor oss, men når eg kom dit viste det seg at utstyret ikkje passa heilt til ideen.Eg reiste på på tur i crocs !!!!!! Sterk irritert over gryande alzheimer vart eit kort fagmøte helde og troppene omdisponert. Her måtte det finnast fast veg under føtene. Valet fall då på Olavskorsen på Kile. Dette vart ein hyggeleg tur i lag med Bianca vår kjære Bearded Collie-tispe. Om vi ikkje såg det lyset vi hadde tenkt i høve symbolikken såg eg lyset på både eine og andre måten......... Formen er stigande kiloa rasar av og kolsen på vikande front, trim er faktisk kjekt ! Det vil snart kome eit eige innlegg om kosthald og mosjon basert på hard sjølverfarte opplevingar til glede og hygge for dei fleste lyarar.Hipp hurra for dagen derpå ;-)

mandag 3. august 2009

Deadliest catch ...






















Stadig kjem det innspel frå nr 3 i familen om at vi må på fisketur. Båten er liten og havet så stort, så det vert sjeldan til at far orkar den påkjenninga det er å drage med seg alle i ei 13 fots treprame utan styrmann og los. Men her ein dag greidde ho til slutt å overtale meg til at no skulle vi fare på tur. I god Discovery Channelstil gav vi oss ut på storhavet utstyrde med fisketroder og 25 grams stingsild. Her skulle det fiskast makrell og stadbotta hyse med svart rygg. Det viste seg fort at dette kom til kunne ta litt tid. Fjorden vart tråla i fleire timar utan anna fangst enn ein rykt lyr på omtrent same størrelse som stingsilda..... Redninga vart ein tur på Leirå, ei med som til dags dato alldri har slått feil om ein ikkje vil kome heim som tulling. Fangsten derifrå vart faktisk ei hyse på 3-4 kg. Då vi kom i land att møtte vi naboen som har ei Risør-skøyte under oppussing. Han lurte på om vi ville være med på båttur til Volda der han skulle hente døtra si på kaia. Jaudå ein tur ut på land høyrdes forlokkande ut og vi heiv oss med. Eldstemann fekk være styrmann ut fjorden, ho i midten fungerte som varmepledd for nabokona og minstemann masa stort sett om is og det er no i seg sjølv ein fulltidsbeskjeftigelse.... Vi kom oss til Volda henta døtra, kjøpte is og returnerte til bygda att..............og hysa, den gløymde vi att på ein stein i fjøra før vi for til Volda. Så no ligg det vel en mink ein kvan plassen, trillande rund og mett og flirer og ler av gapne bygdetullingar som forærte han eit sukka fiskemåltid ein tidleg augustdag i 2009.

tirsdag 28. juli 2009

Høgdetrening











I eit desperat forsøk på å nå ein formtopp når hjortejakta startar 10. september, har den halvgamle skrotten gitt meg beskjed om at her bør fysisk fostring inngå som ein naturleg del av dagleglivet framover. Når ein pustar som ein kval av å hente posten bør ein ta signala på alvor og forstå at klatring i laus-ur og forsering av terreng med over 5 graders vinkel vil by på vanskar i tida som kjem. Kva er så løysinga ? Eit eller anna i meg sa at høgdetrening måtte være svaret. Valet fall naturleg på Bjørnasethornet, toppen som ligg nærast heimen og som liknar på mest på jaktterrenget vi skal gå i. Naturleg nok, det er no der vi går på jakt kom eg på midt i treningsøkta.....
Eg tok med meg Bau den ulende fare frå hundegarden og tenkte at han kunne fungere som trenar og hare for å halde eit forsvarleg tempo med tanke på utvikling av høgare O2-opptak.

Vi gjekk som planlagt hardt ut og deretter på ein gedigen sprekk i første kneika. Hjartet hamra, svetten rann og min personlege trenar var meir oppteken av å rulle seg i røsslyng og studere lokal fauna enn motivasjonsarbeid og seriøs trenargjerning. Råsa var heller ikkje lett å finne, gjenngrodd etter år med stillstand i sauedrifta. Det var på eit tidspunkt like lett å vinne høgdemeter som å kome seg gjennom ei halvtørr hes med tørrhøy og motivasjonen datt skremande fort. Men vi tok ut gebisset og beit tennene saman og etter kvart kunne vi faktisk skimte toppen som eit fata morgana i det fjerne. Rett før toppen mista trenaren retningssansen og vart ståande fast i eit vanskeleg parti med steinrøys medan eg i min iver tok ut siste rest av krefter for å verte fyrst på toppen. Eg måtte snu og være blindehundførar for min upålitelige turkamerat, SÅ kom vi oss på toppen.
Roen og kveldsfreden senka seg over oss som varm sjokolade i ein sår hals. Vi vart sittande side ved side ei god stund på toppen og filosofere over livets vendingar og underfundigheiter. Ord var overflødige, vi såg ut over heile vårt kongerike og kjende oss rikare og lette til sinns. Mørkret kom sigande på og vi fann ut at det var på tide å tenkje på nedstiginga frå den høge nut. No var det eg som tok styringa då trenaren min framleis leid av høgdesykje og varierande stadsans. Vi kom oss ned utan vidare problem, og iveren og inspirasjonen tok oss også ein tur inn om setra for å inspisere at taket på selet framleis held norsk byggstandar. Deretter gjekk vi til bilen, kom oss heim og har sidan då ikkje vore tilsnakkande. Fulle av inntrykk, gangsperre og røsslyng i pelsen la vi oss rett ned.......Er det forresten nokon som veit korleis ein strekkjer ut raua ?