søndag 19. juli 2009

Pannekaker

Då mor for på fjelltur fann vi som var heime ut at vi skulle ta en miniekskursjon til skogsvegen å plukke blåbær og deretter lage pannekaker. Turen var fin men kort. Minstemann fekk akutte smerter av ukjent opphav i ein fot, antagelegvis dobbelsidig slyebetennelse... Uansett, vi reiste ned att med ca ein liter blåbær og laga det eg trudde vart riiiiiikeleg med pannekaker. Men etter at eldsteguten åt 6stk, minstejenta 5 og han med slyebetennelsen åt 4 og eg 3 vart det igjen 3 til ho som kom frå fjelltur. Sånn går nu dagan......

3 kommentarer:

  1. Det vil seie: akkurat nok! Gode var dei òg!

    SvarSlett
  2. Det blir sjeldan for mange pannekaker uansett-i alle fall når dei er gode og ein har nyplukka blåbær.No fekk eg i alle fall ein ide om kva eg kan lage-vi som har svenskeflesk og allting!Velkommen i "bloggeklubben", forresten.Du er flink å skrive, så berre stå på!

    SvarSlett
  3. Den nye "Onkel Schla"-bloggen kom som ei bombe! Bakke-Lars er ein viktig og grensesprengande tilvekst i floraen av kvinnebloggar. Eg forventar Liverpool-stoff og siste nytt om AC/DC! Men dette legg tungt press på oss andre onklar. Eg reiser til Italia med uroleg hjarte. Anar kva som ventar når eg kjem heim.
    Ø

    SvarSlett